tickets_web.png
RV Campers Trailers (19).png

F R E D A G

 I am K • Kriminell Kunst •

Stisema • Lunds Lotion

 

L Ø R D A G

Admiral P • Ford Rekord •

Owls to Athens

 

Dagprogram Lørdag :

Muddy Young, Etne Ungdomskor,

Vil Vite (for barn), Bjarne Valsvik´s Popsynth Orkester,

 matboder/utstillere på Torget i Etne.

Drinksmaking med Barakademiet fredag kl 19.30-20.30

Ølsmaking med Yngve Thomassen Flognfeldt

lørdag kl 16-18.00

 

Admiral P

Folkefavoritten «Admiral P» treng gjerne ikkje den store presentasjonen etter kvart. Philip Tom Joseph Boardman som han egentlig heiter, har etter kvart vorte allemannseige, og ein artist som har nådd ut til det ganske land med sin reggae- og afrosmektande musikk. Etter deltagelsen i «Hver gang vi møtes» har Norge virkelig fått augene opp for den sympatiske admiralen. Ein konsert med halvt Zambiske Admiral P er eit fyrverkeri av dei sjeldne, og når me får servert hitar som perler på ei snor vert stemninga satt. Mannen sprer sunshine «all ovah da place». Me gler oss til å dansa og feste etter låtar som “Spinnvill”, “Snakke Litt”, “Kallenavn” og “Engel”. Med over 60 millioner Spotify spins har han for lengst etablert seg som en av Norges aller største solo-artister. Me sleng på den solfylte og paraplydrink dunstande «Hver gang vi møtes» opptredenen til Adm P, der han syng Henning Kvitnes låten, «Ingen tid å miste»: https://www.youtube.com/watch?v=5sh3NZxBWl8

I am K

I am K «I am K» kom susande inn på den norske musikkscenen i 2018. Superlativene hagla etter debutplata «Humans» og bandet er spådd ei lysande framtid med sin kontante, røffe og melodiske blandingen av pop, rock og elektronika. Etter å ha blitt utvalgt som «Vestlandssatsinga» på bransjefestivalen «100dagars» på Stord i 2018, har bandet spelt på nærare 15 festivalar i landsdelen, samt hatt ei rekke andre konsert- og festivaloppdrag landet rundt. Har du ikkje fått med deg korleis dei høyres ut, garanterer me at du er solgt etter å ha sett den geniale videoen og låta «Stars» https://www.youtube.com/watch?v=s_XkVXY5dx4 

Kriminell Kunst

Kriminell Kunst Rap’arane i «Kriminell Kunst» kan gjerne karakteriserast som ein godt bevart hemmelighet for mange utanfor Rogaland sine grenser. Denne fint slipte «diamanten» har vore toneangivande i hiphop miljøet i oljehovedstaden i ei årrekke, og har holdt det gåande sidan 2005. Rap-duoen består av Tore «Pang» Tobiassen og Wayne Jenzki. 2019 kan kanskje bli bandets store gjennombrudds år, spesielt etter at dei i januar leverte tidenes konsert under bransjefestivalen «100dagars» på Stord. Med måpende publikummarar og imponerte festivalsjefar til stades vart dei vald ut som «Vestlandssatsinga» i 2019. Dei får dermed spele på mange av festivalane i regionen og på Vestlandet. Fugl Fønix Fest slenger seg med på denne runden, og med eit spelesugent band og nytt materiell rett rundt hjørna tipper me 2019 vert Kriminell Kunst sitt store år. Før nytt materiell er på plass anbefaler me deg å sjekker ut dei 3 siste utgivelsane til bandet «Måden du ser på meg» https://www.youtube.com/watch?v=Q3mwPWx0SD8, «Pamela» https://www.youtube.com/ watch?v=tmWD-SswrhM og «Sjefen e tebage» https://www.youtube.com/watch?v=6j4yffAhojc Kjem du ikkje i partystemning av dette anbefaler me deg å ta ein tur til legen.

Stisema

Stisema Vår eigen super-dj og låtprodusent «Stisema», aka Stian Madsgård frå Etne, var ein sjølvskreven kandidat til lineup’en på Fugl Fønix Fest. Stian starta sin ferd som dj tilbake i 2009, og no, meir en 10 år seinare er han ein av landets mest meritterte dj’s. «Stisema» har spelt på store festivalar og klubbar i utlandet, og delt scene med storheter som Tiësto, The Magician, Lost Frequencies, Sam Feldt, Jonas Aden, Clmd med fleire. Hans mest spelte låt «Hold on» er streama heile 785.000 gonger på Spotify. «Stisema» avslutter fredags kvelden på Fugl Fønix Fest med eit dj-sett det kjem til å lukta svidd av. Sjekk ut korleis det kan sjå og høyrast ut på ein Stisema gig: https:// www.youtube.com/watch?v=jUO8xig60wM 

Ford Rekord

FordRekord Haugesund baserte FordRekord er kanskje eit av regionens aller mest spanande, velspillande og hardtarbeidande band. Etter oppstarten i 2008 har dei gitt 110% gass med ei rekke plateutgivelser og ein drøss med konsertar. Siste plata «Bravo-Bravo» som kom ut i 2018 er ikkje noko mindre en eit sant mesterverk. Om det høyres bra ut på plate, kan me garantere at bandet sine liveopptredenar er legendariske. Den deilige og groovy blandinga av pop, rock, hip-hop, disco, ska og anna knask, set garantert fyr på publikum. Dette vert fest frå ende til annan! Sjekk blant andre ut låtane «Savna meg» https://www.youtube.com/watch?v=M-k-MMqhrJg og «Oss mot verden» https://www.youtube.com/watch?v=M-k-MMqhrJg

Owls to Athens

Det lokale bandet Owls to Athens består av multikunstneren Jan Terje Rafdal i front på akk. gitar og vokal, Geir Marius Halleland på el-gitar, Sølve Storm Opdal på bass og Audun Stene på trommer. Musikken er egenkomponert og ryktene sier at de er på vei i studio for å gi ut sin første singel ila året. Sjangermessig er låtmaterialet fra tungt og rocka med  låter som "stagnight" til mer funky, new wave og litt reaggie på låter som "minstrals demise" og "token of love" Fellesnevneren er groove og party låter med morsomme tekster.

Lunds Lotion

Etne bandet «Lund’s Lotion» svergar til feite rytmar, groovy basslinjer og funky gitarriff. Toppa med ein råtøff og svært tilstedeværande kvinnelig vokalist, svinger dette big time. Lund’s Lotion serverer ein miksture av rock, funk, soul og disco, gjerne ispedd elementer i frå andre sjangrar, men mykje av inspirasjonen kjem i frå 70’talets afroamerikanske funk og soul. Bandet presenterer «lånt» materiale med eigen identitet. Lund’s Lotion består av Gunhild Aksdal (vokal), Geir Marius Halleland (gitar), Stig Morten Sørheim (bass), Bjarne Valsvik (keys), og Vidar Lund (trommer)

Hårlandsnepane

Bli med på guida fjelltur til Hårlandsnepane! - Obs! Begr.plassar

Dei fantastiske og karakteristiske fjellformasjonane «Hårlandsnepane» i Etnefjella, seglar opp til å bli Haugalandets egen «Trolltunga» destinasjon. Me spår at desse spydliknande fjella som knauser over «Tusseurane» ved Hardeland og Litledalsvassdraget vert den nye store fjelldestinasjonen i distriktet.

 

I forbindelse med kraftutbygginga av Litledalsvassdraget på starten av 1900-talet vart det laga ein veg, eller rettare sagt sti opp fjellet for arbeidarar som skulle inspisera anlegga i fjellet. Denne stien som er kalla «Stegane» tek deg gjennom bratt terreng, og fleire plassar er det bolta fast stigar i fjellet for å komma fram. I Samband med at Haugaland Kraft tok over anlegget til Haugesund Turistforening for nokre år sia, vart stigane bytta ut og sikra på nytt.

Med oss på turen har me fjellmann Lasse Grindheim, fotograf og dronepilot Svein Egil Økland, kjentmann og historiefortellar Atle Aas.


Praktisk info:

* Turen startar frå Fugl Fønix Hotell, laurdag kl.11.00 med buss til Liteldalen
* Retur med buss frå Litledalen ca kl.15.30
Ferdighetar og form: Middels til god.
Utstyr: Gode fjellklær og sko

Pris nok 310,- pr.person. som inkluderer busstur, samt tilgong til bilder og dronevideo i frå turen

Billetter kjøpes på Tikkio.com her.