
FUGL FØNIX FEST
Fugl Fønix Fest blei starta som er ei feiring av Fugl Fønix Hotel sitt 20 - årsjubileum, og hadde då som ambisjon om å bli ein permanent minifestival og "sette fyr" på Etne med ein årleg gjenføding av bygda! Gjerne med kombinasjonen musikk, lokalt øl/cider, og mat som ingrediensar.
Fugl Fønix Fest går av stabelen på "Det urbane bygdehotellet Fugl Fønix Hotel". Frå den spede start i 1999, har hotellet og konseptet utvikla seg enormt, bygningsmassen har blitt vesentleg oppgradert og utvida, og hotellet framstår i dag som moderne og innbydande.
Fugl Fønix - navnet dukka opp fordi me meinte det var litt "dødt" i Etnebygda i 1999, og grunderane bak konseptet hadde eit ønske om å gjere noko med dette for å kunne flytte tilbake til Etne. Gjerne med bieffekten å gjere det attraktivt å busette seg her.
I tillegg til festival og konsertar på kveldstid, utvider me med kjekke arrangement på dagtid.
Fullt program kan lastes ned etter kvart så ting kjem på plass.
FREDAGSPROGRAM
JON HJØRNEVIK & DAGFINN IVERSEN
På fredagen under Fugl Fønix Fest kjem den mykje omtalte og berykta dikteren Jon Hjørnevik saman med Dagfinn Iversen på gitar.
Sagt om Jon Hjørnevik:
- «Hjørnevik er Norges mest håreisande lyrikarhelt». Are Kalvø, komikar
- «Eg ler like godt kvar gong». Christine Hope, komikar
- «Jon Hjørnevik er vår favorittdikter. Fordi han er morsommere enn de fleste i Norge. Med sine rare og ustyrtelig morsomme dikt». Stand Up Bergen
- «Du kan ikkje leva av å lesa dikt». Mor til Hjørnevik
- «Fy faen så jævlig bra Hjørneviken». Full mann, frå Askøy
ØLSMAKING med YNGVE THOMASSEN FLOGNFELDT
lir
Yngve Thomassen Flognfeldt har drevet med håndverks øl i 10 år. Først som engasjert hjemmebryggar, men har de siste 4 årene jobbet med håndverks øl profesjonelt.
Han åpnet Gulating Ølutsalg i Bergen i 2015 og dreiv den frem til 2018 til han begynte å jobbe for Apollon Platebar. Nå jobber Yngve for Lervig på Vestlandet.
Han er også engasjert i organiseringen av Bergen Ølfestival og Bergen Craftbeer Fest, 2 av dei største øl festivalane på Vestlandet.
I smakingen vil Yngve gå gjennom seks spennende øl i forskjellige sjangere, fortelle litt om historien bak ølene, bryggeriene og det blir gjerne ein aldri så liten vits eller tre!
Meld deg på ølsmaking med Yngve på www.tikkio.com
DJ LOCO
Ronny Gjermundsen er en erfaren DJ med lang merittliste rundtom i det ganske land, og en god samarbeidspartner med Fugl Fønix Hotel på ulike arrangement.
LØRDAGSPROGRAM
TUR TIL NEPANE (DAGTID)
Me legg opp til fjelltur til Hårlandsnepane på dagtid!
Dei fantastiske og karakteristiske fjellformasjonane «Hårlandsnepane» i Etnefjella, seglar opp til å bli Haugalandets egen «Trolltunga» destinasjon. Me spår at desse spydliknande fjella som knauser over «Tusseurane» ved Hardeland og Litledalsvassdraget vert den nye store fjelldestinasjonen i distriktet.
I forbindelse med kraftutbygginga av Litledalsvassdraget på starten av 1900-talet vart det laga ein veg, eller rettare sagt sti opp fjellet for arbeidarar som skulle inspisera anlegga i fjellet. Denne stien som er kalla «Stegane» tek deg gjennom bratt terreng, og fleire plassar er det bolta fast stigar i fjellet for å komma fram. I Samband med at Haugaland Kraft tok over anlegget til Haugesund Turistforening for nokre år sia, vart stigane bytta ut og sikra på nytt.
Meir info om turen kjem etter kvart. Me kjem til å legge ut påmelding for felles transport opp/ned fra startpunktet.
CAR.POOL (KVELD)
Første artistnavn er car.pool som vart vinnarar av Vestlanssatsinga til på 100 dagarsfestivalen.
car.pool er ein eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock, og leverer eit lydbilete og sceneshow som kan beskrivas som det beste sparket i magen du har fått på lång tid! Ein konsert med car.pool er smekkfull av ear-candy, highkicks, høg gitar, og alt toppes med ein tilsynelatande begrensningslaus powerpop-vokal. Ungdommelig energi, speleglede, modne ferdigheiter og rå teft er prikken over i-en på deiras super catchy og dansbare låtar.
DJ LOCO
Ronny Gjermundsen er en erfaren DJ med lang merittliste rundtom i det ganske land, og en god samarbeidspartner med Fugl Fønix Hotel på ulike arrangement.
Festivalcamp & hotellrom
Her er oversikt over dei ulike overnattings-alternativene til festivalen.
Booking av hotellrom skjer på www.fuglfonix.no og festivalbillettar på www.tikkio.com
Foto & video
Svein Egil Økland // foto og Tobias Hole Aasgaarden // video edit. (2019 aftermovie)
Festivalleiing
Festival- og eventfirmaet Make It Real ved Vidar Lund har prosjektleiinga på Fugl Fønix Fest, i tett samarbeid med arrangør Fugl Fønix Hotel.
